|
Gneist2-Aik G95-11erlag 24.04.08 |
|
|
|
|
Skrive av Irene Waage
|
|
torsdag 24. april 2008 21:55 |
|
11-erlaget spelte idag mot Gneist 2 på Liland kunstgras. Me var høgt oppe etter storseieren sist mot Kringlebotn, men me kom fort ned igjen på jorda. Gneist kjempa oss ut av stilen og dei leda 2-0 ved pause. I andre omgong heva gutane seg og Lars Andre nikka inn det viktige reduseringsmålet. Etter det, putta Tomas to mål. Det siste ett minutt før slutt. Ein heldig seier. Styrken til dette laget er utvilsomt lagmoralen - sjølv om dei låg under med 2 mål når det var 17 minutt igjen, så gav gutane aldri opp. Ingen sure miner. Kjempebra!
|
|
Sist oppdatert laurdag 29. januar 2011 17:29 |