| Oppstart friidrett og Friidrettskule 1.-4.klasse |
|
|
|
| Skrive av Nina | |||
| tysdag 30. august 2011 07:13 | |||
|
Det er no opna for påmelding til Friidrett for hausten 2011. Det er førebels begrensa tal på plassar, då me har få trenarar på plass. Me kan kun garantere plass til 20 stk, men me aukar dette talet så snart me får inn fleire hjelparar på treningane. Nytt av året er Friidrettskule for dei yngste, info følgjer...
Friidrettsskule
Frå hausten 2011 set friidrettsgruppa i Austevoll IK i gong sitt nye konsept friidrettskule for 6-9 år. (1.-4.klasse).
Friidrettsskulen har mykje av same innhaldet som det tilbodet me har hatt for rekruttane hittil, men det heile får ei litt anna form. Varigheten på sesongen er sett opp på førehand, og me forventar at dei som får plass er med heile semesteret. Alle som deltek får T-skjorte, Diplom og medalje. Det blir også i planen for semesteret sett opp kva arrangement vi skal vere med på. Deltaking på desse arrangementa er ein del av totalpakken når ein er med på friidrettskulen. To av desse arrangementa, Austevollsløpet og Austevollsmeisterskapen, er Friidrettsgruppa sine eigne arrangement. For å kunne gjennomføra desse er me avhengig av innsats frå foreldre i forkant og under arrangementa. Foreldra må også vere forberedt på og vere ordensvakt i hallen i dei 2 vekene i året Friidrettsgruppa får ansvar for dette. Friidrettskulen er delt inn i haust og vårsemester, og du kan melde deg på for 1 semester om gongen. Pga få trenarar tilgjengelege for haustsemesteret kan me berre garantera plass til totalt 20 stk på friidretten denne hausten. Me håper at me i løpet av kort tid kan få på plass eit par trenarar til, slik at me kan opne opp for fleire. Utøvarar frå 10 år og oppover har trening same tid og stad som friidrettsskulen, men dei skal ha eit eige opplegg. Dersom me har nybegynnarar som er 10/11år kan dei velje og vere med på friidrettskulen første semester dersom dei ynskjer det.
Det er no opna for påmelding på friidrett for denne hausten. Sidan me pr no har begrensa tal på plassar, så blir plassane gitt etter eit først til mølla prinsipp. Det vert oppretta ventelister slik at med ein gong me får på plass fleire trenarar så vert det tatt inn fleire ungar.
Friidrettskule
Program/innhald haust 2011:
Første trening: 7.sept. Siste trening: 30.november
Friidrettskulen følgjer skuleruta, og har dermed fri når skulen har fri. Fram til haustferien trenar me ute på banen, og etter haustferien trenar me inne i hallen.
Program/innhald vår 2012 (kan bli endringar):
Første trening 1.feb Siste trening 30.mai
I vinterferie og påskeferie er det ingen trening. Me trenar inne i hallen fram til slutten av mars, deretter ute på banen.
|
|||
| Sist oppdatert tysdag 30. august 2011 07:20 |



