|
Hotspurs FC og Julagirlane årets vinnarar. |
|
|
|
|
Skrive av Anne Berit Drønen
|
|
laurdag 31. desember 2011 00:03 |
|
Etter 3 dagar i Austevollhallen,klarte me å kåra Hotspurs FC og Julagirlane som vinnarar av årets cup. 3 dager med spenning,dyk,fustrasjon og glede i Austevollhallen,er ein tradisjon me har hatt sidan 2005. Fulle tribuner er alltid kjekt for spelarane,og alle har vel sine farvoritter til dei blir slått ut. Det er som er kjekt er at ein finn alltid nokon ein kjenner på andre lag når "mitt" lag er slått ut. Den mest imponerande denne cupen,er nok Rasmus Storebø,som satt i hallen alle 3 dagane. Me måtte ha ei stjerna til å dela ut "bøtta",og då var nok Rasmus førstevalget vårt. Me var veldig glad for at han takka ja til denne jobben. Overraskelsen til Aik si fotballgruppa var når han gav kulturprispengane sin til gruppa. Me ønsker å takka han for prisen,og ikkje minst for all jobben han har lagt ned i klubben vår gjennom mange år.
|
|
Sist oppdatert måndag 02. januar 2012 16:02 |