RSS
May 19
Til minne om Rasmus Kåre Storebø PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Berit Drønen   
torsdag 19. januar 2012 13:22

Det var med stor sorg me laurdag 7.januar mottok beskjeden om at Rasmus var gått bort. Fotballgruppa i Aik hadde mista bautaen sin. Sommaren 2011 kom meldinga om at han var alvorlig sjuk og måtte trappe ned arbeidet sitt i fotballgruppa. Sjølv om han sa frå seg mange verv i klubben greidde han ikkje halda seg vekke. Engasjemanget og gløden for fotballen var der til det siste. Han imponerte mange når han fekk med seg tre fulle dagar med julacup i hallen denne romjula.

Alle som kjente Rasmus hugsar han som ein særs engasjert mann. I Aik var han først med som hovudsponsor, men sidan han var mykje over gjennomsnittet engasjert blei han like godt med i styret i fotballgruppa. Han byrja som trenar og oppmann for sønene sine, Frode og Sondre, og fulgte opp betre ein dei fleste. Dei siste 6 åra har han vore formann i styret. Han har også i denne perioden vore oppmann for a-laget og b-laget til Aik. For å gjera ein best mogleg jobb for ungdommen tok han like godt ein tidleg pensjonist tilværelse frå arbeidslivet. Dei utallige dugnadstimane han har jobba for klubben er uvurderlige. Han var alltid ute etter å legge forholda best mogleg til rette for andre. Anten det var når han bygde eigen fotballbane i hagen, til eigne og andre sine ungar på Storebø. Ein bane som han sprøyta vinterstid, slik at dei fekk skeisa. Eller når han var med på å få i gang arbeidet med Austevollshallen. Rasmus har og nærast eigenhending sytt for at me har ein ekstra treningsbane på Eidsbøen. Ein bane som i dag ber namnet Rasmusbana.

Arbeidet for lokalfotballen blei og lagt merke til utanfor kommunen sine grenser. I 2010 fekk Rasmus Kåre Norges Fotballforbund sitt honorære leiarstipend av dåverande president Sondre Kåfjord. I det høvet ville Fotballkrinsen ha nokre ord i frå oss som kunne beskriva Rasmus. Me svara at det var vanskelig, for han kunne ikkje beskrivast, han måtte opplevast. Væremåten hans gjorde at alle i Hordalandsfotballen visste kven han var. Rasmus preikte like bra med alle han møtte. Same året blei og arbeidet hans for fotballen i Austevoll krona med a-laget sitt opprykk til 2.divisjon.

Rasmus Kåre var alltid i godt humør og det varmar å tenke på det fantastiske smilet hans. Rausheten hans fekk me oppleve til det siste, då han gav dei 10000 kronene han fekk med kulturprisen frå kommunen til fotballgruppa. Dei pengane vil me bruka til å få starta arbeidet med å lage ein innandørshall for fotball. Noko som var ein draum som Rasmus hadde. Den skal heite Rasmushallen.

Saman med kona Irene, som og har uttalige dugnadstimar for Aik, utgjorde han eit utruleg bra team. Dei to var det beste laget me nokon gong har hatt i klubben. Takk for alt de har gjort. Me er djupt takknemlige for å ha fått kjent og arbeidd med ein så eineståande mann og våre tankar går no til familien. Kvil i fred, Rasmus.

 

Fotballgruppa, AIK