RSS
Jan 28
Sesongens første poengtap PDF Skriv ut E-post
Skrive av Bjarte Haugland   
laurdag 08. mai 2010 16:11

Bjarg-Austevoll IK

Fredag 7. mai var det klart for det som må kallast eit lokaloppgjer, med kamp mot Bjarg på Stavollen. Mange austevollingar hadde teke ferja for å sjå kampen, så alt låg til rette for at det det skulle bli ein flott kamp for bortelaget.

Dagens førsteellevar var: Harald i mål, Ansgar og Andreas i midtforsvaret med Tord og Lars-Hermann på backane. På midtbana starta Christian og Frode på kvar sin kant og Kurt/Inge Andre i midten. Heilt framme var Trond og Joachim.
Bjarg hadde før møtet med Aik 2 sigrar og eitt tap, der begge sigrane var kampar som blei avgjort på overtid. 
Austevoll byrja veldig bra og hadde god kontroll i starten på kampen, og etter 7 min sto det 0-1 i målprotokollen. Nok ein gang var det Trond som var målskårar og denne gangen var det Joachim som var nest sist på ballen. Austevoll har gjort det til ei vane å skåra før det har gått 10 minutt denne sesongen, men i staden for å kjøra på og fortsetja det fine spelet og kanskje drepe kampen, virkar det som me slepp skuldrane og let motstandaren kome innatt. Denne gangen tok det 8 minutt då Bjarg fekk eit frispark rett utanfor sekstenmeteren. Eit godt skot gjekk forbi muren til venstre for Harald og i mål. 
Aik var einig før kampen om å spele slik dei best kan, med høgt tempo på ballen og presisjon, men det var noko Austevoll ikkje fekk til i 1. omgang. Dårlege mottak og pasningar som ikkje rakk fram te lagkameratar gjorde bortelaget usikre, og berre 2 minutt etter utlikninga kom det ei horribel bakoverpasning som Bjarg spissen fekk fat i. Han kom seg mellom stopparane våre og skaut ballen i mål. 2-1 og mykje frustrasjon både på bana og på benken. Underteikna beklagar at det ikkje kom noko kampreferat frå den særdeles spanande heimekampen mot Sotra. I den kampen var 1. omgang langt under pari, men eg trur denne omgangen må kallast årsværste for Aik, så Stig og Stian hadde mykje på hjartet i pausen. Praten virka, for utover 2. omgangen hadde Aik god kontroll på kampen. 
Etter berre 8 minutt av omgangen måtte Lars-Herman byttast ut med Ørjan etter at han fekk seg ei lårhøne. Tord flytta seg over på venstresida medan Ørjan tok plassen te Tord. Austevoll kjørte på og 12 minutt etter sidebytte kom utlikninga. Denne gangen var Trond, som så mange ganger før, nest sist på ballen. Han stussa ballen vidare til Christian, som skaut ballen knallhardt til venstre for keeper og i mål. Aik jobba godt utover i omgangen for å få sigersmålet, og det var mange sletne Aik spelarar på bana der nokre nærmast ba om å få bli bytta ut. Austevoll gjorde to bytter til i løpet av kampen der Stian kom inn for Christian i det 32. minutt, og i det 39. min fekk Kristoffer sesongdebutert då han kom inn for ein rundjult Kurt. Dagens dommartrio var nok ikkje heilt med på mange av tjuvtriksa til Bjarg der ein alboge i ansiktet til Ørjan var det værste og nok skulle resultert i eit raudt kort til heimelaget, men me skal på ingen måte gje dommartrioen skulda for at det gjekk som det gjekk i denne kampen. Austevoll fortsette å presse på for å få med seg 3 poeng, men 2 minutt på overtid fekk Bjarg eit tvilsomt frispark frå god posisjon. Muren vart stilt opp og skotet til Bjarg gjekk i tverrliggaren. Ballen datt ner i 5 meteren men ingen av bortelagets spelarar klarte å klarere ballen, og i staden fekk Bjarg vinnarmålet. Utruleg surt der Aik hadde fortjent betre. Årets første poengtap og ein vekkar der me ikkje kan rekne med å berre hente poenga rundtomkring i fylket vårt. Her krevs det fullt fokus og beinhard jobbing i kvar einaste kamp om me skal nå målsetninga me hadde før sesongstart. 

Som skreve i tidlegare artiklar har det vore mange skadar på sentrale spalarar hos Aik i år og det kom denne veka nok eit namn på denne lista. På onsdagens trening vart Håvard Vassnes skada, og det kan visa seg å verta langvarig då leddbandet i eit kne mest sannsynleg rauk. Han har i oppkjøringa slete med ein strekk, men var no på veg tilbake, og difor er det veldig trist for Håvard som har trent godt i heile vinter om det visar å vere langvarig. Han har vore på MR og me får håpe på det beste til dommen derifrå kjem. 

Neste kamp er fyrstkomande laurdag så litt før kl 14.30 må folk kome å sjå eit hemnlysten Aik slå tilbake mot Hovding.

Bjarte

Sist oppdatert tysdag 11. mai 2010 19:25