RSS
May 19
Julebrev til våre støttespelarar. PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne Berit Drønen   
torsdag 16. desember 2010 13:57

Et nytt år er snart forbi, og vi kan sjå på et nytt spennande år for idretten i Austevoll.

 

I år har me hatt fotball, volleyball, innebandy, friidrett, aerobic, skøyter, handball, Zumba, klatring ,symjing, basistrening og step.

Anne B Drønen har jobba som dagleg leiar i 2010.

Me er veldig stolt av anlegget vårt . No har me fleirbrukshall, grasbane med friidrettsanlegg,kunstgrasbane,5 ar kunstgrasbane og eit flott tribuneanlegg.

Mange av gruppene har mange drøymer om nye anlegg, og nokre blir kanskje realisert i åra framover. I år fekk me endelig midlar til å reinsa / vaska løpebana på anlegget. I følgje dei som gjorde dette var det tid for å få nytt dekke. Dette er ei stor investering på nokre millionar, som me pr i dag ikkje har.

Me håpa alle brukarane ta meir vare på anlegget vårt, slik at me kan ha glede av det i mange år framover.

Me har også i år drifta av Austevollhallen med vakthald og driftsansvar.

Me har ikkje hatt nokon ansett i hallen i 2010,men ser at behovet aukar for å ansette nokon. Då haller er i bruk frå 8 om morgonen til 22 om kvelden trengs det meir tilsyn og vask enn pr i dag. I fjor fekk me tildelt resten av spelemidlane, men har dessverre ikkje fått dei utbetalt enno . Når me får dei vil me sitta igjen med litt lån på hallen. Dette håpa me at me skal kunna betjena med midlane me får inn på skiltreklame,leigeinntenkter osv.

Bowlingbana har vert ikkje vert så mykje brukt i 2010 som me hadde ønska. Me har hatt 2 opplæringskurs for bowling vakter. Ungdomsklubben har ope kvar Tysdag, der alle som vil kan bowla.

Har vert ein del avslutningar på fotballag, bursdagsbowling, osv, som begynner å bli ganske populært.

I haust har me flytta golfsimulatoren frå Hundvåkøy samfunnshus inn i hallen som eit prøveprosjekt i 1 år. Her håpa me å få verva nye medlemmer til simulatoren, slik at den blir meir brukt.

Klubben fekk i vår nokre midlar frå Hordaland fylkeskommune for å betra kosthald og få ungdommen ut i aktivitet. Midlane har me brukt på instruktør på back to Basic , og me ønskjer å bruka resten på å betra kosthaldet til ungdommen i begynninga av 2011.

I år har me hatt 2 dansar i Austevollhallen. I Mai spelte lokale band frå Austevoll, og i haust var Vassendgutane på besøk igjen.

 

Friidrettsgruppa har i år hatt rundt 40 stk med i gruppa. Nina Møgster er hovudtrenar i gruppa, og med seg har ho Alf Helge Møgster, Regina og Helge Vestrheim.

Friidrett har fått veldig mange rekrutter i gruppa si, så det blir spennande å følgja med dei vidare.

Austevoll karusellen har Steinar Hole stått for som tidlegare, der ein har løp gjennom heile året.

Austevollmesterskapet ble arrangert på våren i år. Mange små og store hadde tatt turen for å delta.

Austevolløpet ble arrangert for 29 gang, og i år gjekk løypa frå Austevollsbrua til hallen. Dagen starta med sportsgudstjenesta på Hundvåkøy. Den skulle eigentlig vera på Hundvåkøy Kunstgrasbane , men pga av veret ble den flytta til kyrkja.

I år deltok 253 personar, som er ny deltakar rekord for Austevolløpet.

 

                                                                  .

Skøytegruppa - er fortsett ei lita men aktiv gruppe, og fekk ein del nye rekruttar etter vervekampanjen i fjor. Dei reiser til Slotthaug for å trena på is.

Hanne Haugland fekk seg ein bra start på hausten då ho ble Noregsmeister på 500 m i senior NM.

Ho har flytta til Stavanger, og trena no på fulltid. Ho og Ørjan Bergum blir no trena av Ingrid Paul

Ho har og blitt teken ut i talent/rekrutteringslandslaget på skøyter.

Skøytegruppa arrangerer som vanleg Austevollsprinten på Slotthaug.

Skøytegruppa er veldig takksam for at Austevoll Seafood er hovud sponsorer deira no

 

Innebandy – var i 2010 fortsatt ei lita gruppe . Då kretsen la om kamp systemet sitt ,måtte dei spela alle kampane i Bergen. Ofte fekk dei kampen tidleg Søndag morgon. Dette ble for dårleg opplegg for oss, så dei valte å ikkje melda seg på i sesongen 10/11.Då det ikkje ble kamper, var det ein del som slutta. Derfor har det bestemt seg for å ta ein pause i gruppa. Me håpa dei kjem sterkt tilbake, då me trenge denne gruppa i klubben vår.

Volleyball- Då våren hadde me berre eit herrelag i 2 divisjon.Dei valgte å ikkje stilla lag i haust.
I haust starta Torstein Harboe og Torbjørn Karlsen opp volleyball for jenter og gutar U 14 og U 16.
Dei har hatt eit gutelag med i turnering, og dei gjorde det veldig bra. Me gleda oss til å følja med dei vidare.  

 Turn har blitt ei større gruppe i 2010. Helga Rabben har sin faste trim for damer, som ho har hatt fast kvar torsdag i mange år. Her er ein trufast gjeng som stiller år etter år.
Step har vert i heile år, og her er det Jennie De Vreede som er instruktør.

Zumba var ein ny aktivitet me fekk i gruppa i år, og her er Mette Storebø instruktør.

 

Symjing – er den nest største gruppa i klubben no .Dei har treningar på Austevoll ungdomskule og Trolandshammer skule.

Dei skulle ta inn 100 nye no i haust, men enda med å ta inn 187 elevar. Symjegruppa er flinke å rekruttera nye instruktørar til gruppa si, og gi instruktørane kurs.

Dei har begynt å delta på ein del stemner, med bra resultat.

 Småbarnstrim og basistrening

Småbarnstrim er eit tilbod på Storebø skule for dei under skulealder som ønskjer å ha eit treningstilbod. Her går det mykje i leik. Denne ble avslutta etter våren ,då ingen ville overta.Basistrening er eit tilbod til alle aktive i kommunen 10- 14 år. I vår hadde Ole Andre Austevoll denne trimmen, og i haust overtok Livsstilsenteret v Siren denne. Ca 80 ungar frå heile kommunen er kvar Tysdag med på denne trimmen no i haust.

Klatring - er fortsett ei bra stor gruppa som holde til i klatreveggen i Austevollhallen og på Birkeland

Fotball- er som tidlegare år den største gruppa i Aik. I år har me hatt 24 lag med i serien og Austevollserien.I år hadde me 4 samarbeidslag med Selbjørn Damer, J 94/95,2 lag småjenter 97,og 1 med Hil/Aik 3 senior i 7 div men.Menn 1 vant si avdeling i 3 divisjon, og spelte kvalifisering til 2 div mot Voss. Her vant Austevoll samanlagt, og rykka opp til 2 divisjon i 2011. Dette er første gangen Austevoll er i 2 divisjon, så det gleda me oss til. Trond Heggestad ble som dei siste åra toppskårar med seriemål, og han ble og årets spelar . Stig Storebø og Stian Hovland har vert trenar i år, og Bjarte Haugland og Rasmus Storebø som oppmenn.
Menn 2 klarte seg godt i 5 divisjon i år med eit ungt mannskap . Juniorlaget spelte i år i 2 divisjon på våren, og rykka opp til 1 divisjon til hausten. Dessverre mista dei trenaren sin, så dei klarte ikkje å fullføra sesongen.
Damelaget spelte i 4 divisjon, og der spela dei neste år og.Hil/Aik 3 spelte i 7 divisjon, som samrbeidslag. Dei rykka opp i 6 divisjon, og då kan dei ikkje vera eit samarbeidslag. Dei har no bestemt at laget skal heita Austevoll 3 i 2011.
I ungdomsavdelinga har me hatt med lag i forskjellige divisjonar.
Me har hatt lag med i Danacup, Sognefjord cup , Voss cup + mange fleire cupar.
Dei yngste laga spela i Austevollserien, og nokre cupar i Bergen. Det er utrulig å sjå på dei. Nokon jobbar som nokre heltar, andre stuper kråke, slå hjul osv under kampane. Det er kjekt når det ikkje blir for mykje alvor. Det sosiale betyr nok mykje for enkelte av spelarane, om det er fotball dei speler er ikkje alltid så nøye..
I Austevoll er det viktig å finna ei løysning på korleis me skal få fram dei gode spelarane samtidig som me er avhengig av at dei fleste er med å spela for å ha lag.
Fotballgruppa har fått ein del arrangement som går igjen kvart år. Dei er med å arrangere Austevollserien, Gråsidaldansen, Jula cupen og fotballskule + arrangement som hovudlaget arrangerer.

 Austevoll Idrettsklubb vil med dette takka for all støtta me har fått hjå våre sponsorar både i form av pengar, gåver, anlegg og utstyr. Utan hjelp frå dykkar kunne me ikkje drive klubben vår slik me gjer i dag.

 

                  God jul og Godt nyttår

 

 

Austevoll Idrettsklubb

 

 

Sist oppdatert måndag 03. januar 2011 14:05