|
Årsmelding skøytegruppa 2010.
2010 vart eit historisk år for skøytegruppa. Hanne Haugland vart klubben sin første utøvar i World Cup senior.
Etter at ho vart Norgesmester på 500m i Vikingskipet, vart ho utteken til å representera Norge i WC i Berlin. Ei stor hending for alle oss i Austevoll som er glad i skøytesporten.
Hanne vart også Norgesmester for junior allround i Bjugn. Dette er hennar andre laurbærkrans.
Den kanskje aller største prestasjonen til Hanne i år, var ein 3 og 5 plass på 500m i VM enkeltdistansar for junior i Seinajoki i Finland. Dette vart lagt merke til i heile skøytenorge.
Hanne har i år sett mange nye klubb og kretsrekordar.
500m 40,05. 1000m 1.18.51 og 1500m 2,03,76.
Ørjan har også sett to nye klubbrekordar: 500m 28,24 og 1000m 1,16, 51.
Hanne har i år skifta trenar og i periodar flytta til Stavanger. Då Ingrid Paul vart engasjert som trenar der, var valget enkelt. Så langt har Ingrid og Hanne fått eit godt samarbeid som tydeleg bærer frukter.
Det er og særs gledeleg at Ørjan har funne fram skøytene att og vil prøva å satsa vidare. Også han under leiing av Ingrid Paul.
I rekruttgruppa har me hatt litt fråfall. Likevel har me ei gruppe på 5 jenter og 3 guar som trenar 1 – 2 gongar i veka på Slåtthaug. Me har engasjert Ole Chr. Økland Thømt som trenar denne sessongen.
Økonomien i gruppa er tilfredstillande. Heldigvis har det lukkast oss å få ein del bedrifter i og utanfor kommunen som samarbeidspartnarar. Dette er me særs glade for. Utan den støtta hadde det nærast vore uråd å gjeve Hanne og Øjan mulighet til å satsa så seriøst som no.
Me har og arbeid ein del dugnad. Det er viktig både for samhaldet i gruppa og for økonomien.
Det siste året har me arbeid mykje for å få laga eit forprosjekt for ein mogeleg fleirbruk/kunstisbane i kommunen. Dessverre har prosjektet stoppa opp etter at hovudstyret vende tommelen ned. Me vart veldig skuffa over dette, og veit no ikkje heilt kva me skal gjera vidare. Me ser at utan is i nærmiljøet, er det veldig vanskeleg å driva ei skøytegruppe seriøst.
I 2011 lyt me ha på plass ein ny trenar. Thømt skal til Trondheim å studera og soleis vert ikkje han tilgjengeleg .
Me vil og prioritera høgt å få arrangert eit domar/ startarkurs i Austevoll, slik at me står bedre rusta til arrangement. Her er det og ynskjeleg at dei som har dommar/ startarutdanning også vert med på ein repetisjon.
Me lyt og halda fram arbeidet med is i Austevoll. Sjølv om me har hatt mange tilbakeslag.
Arbeid med rekruttering kjem og høgt på prioriteringslista.
Vil til slutt seia Tusen takk til våre eineståande sponsorar. Takk for at de støttar oss i arbeidet med skøytesporten i Austevoll.
Helsing styret
Unni Haugland, Olav Njåstad, Kjell Bergum, Steinar Hole, Harald Otterå, Torvald Haugland. |