|
Bassenget på Eidsbøen er opna for AIK igjen!
Det blir då ordinær trening fra neste veke, mandag 31. oktober 2011.
MEN, DESSE REGLANE MÅ FØLGAST AV ALLE:
- Me skal bruka garderobane tilhøyrande Austevollshallen, og be skal gå inn til bassenget i døra oppe.
- Me må gå frå garderobane i hallen og bort til bassenget utan at det vert vått på golvet.
DERFOR MÅ ALLE:
- Dusje i garderoben
- Tørke seg
- Gå med badekåpe el, samt sandalar bort til bassenget.
Når treninga er ferdig, må me tørke oss, ta på badekåpe el, sandalar og gå i samla flokk tilbake til garderobane.
Det er mange som har stått på for at me skal få bruka bassenget i denne perioden medan dei utbetrar dei vanlege garderobane. Håpar derfor at alle foreldre og elevar gjer sitt til at dette blir fulgt opp.
Alle må hjelpa til at det ikkje er vatn på golvet, eller rot igjen etter oss i garderobane, og i gangane frå garderober til basseng.
I denn perioden blir det nødvendig at foreldre kan hjelpa oss å følgje ungane frå garderobe til basseng.
MERK: Treningstida er den tida me startar i bassenget. Fint om de derfor kan beregne litt ekstra god tid i denne perioden slik at symjarane rekk å vera på plass på bassengkanten når treninga startar.
Lykke til og god trening!
Mette Storebø |